Lurivar rullar seg over på ryggen. Potane peiker opp i lufta. Magen ligg mjuk og bar. Regndropane daskar på taket til Aasen-tunet i natt . Vinden krafsar i tuntrea. Inne på hemsen er det regnvêrslukke. 

Lurivar veltar over på sida igjen og krøllar seg saman i sin eigen varme pels. Murringa dirrar i rommet. Han er langt inne i draumelandet. Vassar i tunfisk og pusebrus.

Då er lyden der. Lågt, berre som ei aning i romet. Lurivar vrenger øyrene bakover. Han høyrde det. Han som får med seg dei minste lydar. Kom ikkje her og sei at han blundar. Tunkattar søv aldri. 

Lurivar løfter på hovudet og blinkar med tunge augelok. Kva var det, eigentleg?

Var det eit rop? Eller eit skrik? Eller berre lyden av ei dør som hylte då ho gjekk opp? Lurivar myser ut i mørket. Merkeleg! Det er lukka og låst i Aasen-tunet. Berre skuggen til Ivar sjølv ruslar av og til rundt her på nattetid. Men han er alltid lydlaus. 

Er det tjuvar?

Lurivar reiser seg sakte og snusar ut i rommet. Ja, det er ei framand lukt her. Ein eim av noko ukjent ligg i lufta. Lurivar samlar kroppen til sprang og landar lydlaust på golvet. Dette må undersøkast. Sjekkast av ein skikkeleg securitas-pus. 

Kan det vere eit nytt ord til ordlista?

Han set ein fot framfor den andre og trippar sakte mot døra. Det gjeld å ikkje forhaste seg. Tjuvar kan vere av den trasige sorten. Sånne som ikkje vil fangast. Slike som du må jakte på og leike med og kanskje daske litt til med potane for at dei skal ligge stille. Eller var det småfuglar?

Kattekroppen stoppar opp. Står det eigentleg noko om tjuvar på ordlista hans? Lurivar lurer. Han låg og las i henne i går kveld. Må ha sovna rett etter peanøttsmørpotetstappe. Ein blir så herleg søvnig av å lese. Og svolten. Lurivar sleikjer seg rundt munnen. Nei, ordet tjuv står ikkje på lista. Det einaste på tj er tjukkekatten.

– Iiiiiiiiiikk!

Der var lyden igjen. Skriket får håra på ryggen hans til å reise seg. Lurivar ryggar eit steg bakover. Så strekker han snuten forsiktig fram og kikar så vidt rundt hjørnet. Vêrhåra strittar i mørkeret. Han ser det. Ute i det lange smale rommet. Det er kista til Ivar som skrik mot golvplankane. To svartkledde figurar halar henne med seg. Dette er i alle fall ikkje eigaren som er ute og spøkjer. Begge har svarte hetter over hovudet. Dei dreg den tunge kista med seg. Steg for steg. For kvart stykke gnissar kista mot golvet med grøssande gniks.

– Iiiik. Iiiiik.

Ho må vere skikkeleg tung. Døra ut til kafeen står open. Lykta utanfor inngangen kastar lysflekkar på golvet. Overalt ligg det knurva ark og bøker strødd. Kva er det dei to kjeltringane driv på med? Lurivar murrar ikkje lenger. Han ligg samankropen og vaktar kvar røyrsle der ute i rommet.

– Der, seier den eine tjuven. Han lyser rundt seg med ei lommelykt i handa.
– Der er ei sånn derre bok igjen. Han tek ei bok frå hylla på veggen.
– Kva slags lydar er det i denne, då? Han blafrar gjennom boka.
– Drit i det. Eg røskar ut alt saman. Med eit hardt rykk riv han alle arka ut av boka. Og kastar henne frå seg. Så knurvar han saman sidene og trykker dei ned i kista. Ho er alt stappande full. Ikkje rart ho er tung, tenkjer Lurivar.

Den andre svartkledde står også og blar i ei bok. – Kom igjen, seier den første. – Vi har ikkje tid til å sjå gjennom alle. Det er uansett ei tjukk bok. Kast henne i kista.
Han seier tjukk med mykje ssss. Nesten som sjukk. – Ja, men ho er spennande, seier den første. Han er ikkje ferdig med å sjå i boka.

– Slutt! Bøker er kjedelege, seier den første. Han triv boka ut av hendene på den andre og slenger henne i kista. Han seier ikkje kjedeleg, men sjedeleg.
– Vi klarer aldri å reinske landet for den dumme sje-lyden om du er så innmari treig, brøler han. – Du er som lusa på sjærekosten. Han tek eit steg nærmare Lurivar.
– Og no har vi kome heilt til heimbygda til Ivar Aasen. Her er det inga tid å miste. Her er det stappfullt av sj-lydar.
– Eg vil´ke meir, seier den første. Han høyrest heilt på gråten.

– Vi klarer aldri å utrydde alle sj-lydane, uansett, snufsar han. – Det er så mange av dei. Og eg sjem aldri TIL Å KLARE Å SEIE DEI! No hyler han høgt.
– HUSSSSSSJ! seier den første. Han skundar seg bort og held ein svart hanske for munnen på han som grin.
– Klart vi kan. No har vi reinska opp både på biblioteket og på skulane. Dette går sjempebra! Han peiker med den andre handa mot døra der Lurivar står.
– Vi har berre det rommet igjen. Så smekkar vi saman sjista og sjøyrer alt på søpla. Lurivar ryggar sakte bakover.

Kjem dei inn hit! Skal dei ta orda hans? Alle dei fine orda med rare og kule lydar. Alle dei han har samla på så lenge. Kinapølse, heksekjeks og hoppetjukkas. Kjappdans, kjærleike og diktkjærast. Stega utanfor døra kjem nærmare. Kista skrik mot golvplankane. Ein av kjeltringane stønner. Lurivar skjelv. Kva skal han gjere? Han har berre sekund igjen. Han snur seg lynraskt og hoppar opp på hemsen i eitt sprang. Det er best å spele død. Akkurat då smell døra opp.

– Ja, her er det sjempemasse bøker. Stemma fyller heile rommet. – Og sjå den sjukke sjetta. Henne må vi også kvitte oss med.

Lurivar er stiv av skrekk. Han klarer ikkje å røre på ein pote. Då kjenner han handa på ryggen.
– NEI! NEI! Lurivar slår opp auga. Det er ikkje han som ropar. Det er lyst i rommet. Sola skin inn gjennom vindauget. Det er morgon. Men han har framleis ei hand på ryggen.

– NEEEEIIIII!

Over han står det ei jente. I akkurat den alderen som brukar å springe rundt her i tunet på søndagar. Ei sånn med lette steg og mykje lydar. Akkurat no klappar ho ryggen hans. Lurivar ser seg rundt. Ingen boksider ligg strødd på golvet. Ingen tjuvar med svarte hetter er å sjå. Alle bøkene er på plass i hylla. Har han berre drøymt det?

– EG VIL IKKJE! brøler jenta. Mora dreg i den andre handa hennar og vil gå.
– Eg vil vere her lenger. Det er KJEMPEKJEKT, roper jenta. – Neeeei! Eg vil ikkje fare enno. Eg vil IKKJE!

Lurivar let att auga og rullar seg over på ryggen så jenta kan klappe magen hans. Ja, heldigvis! Han har berre drøymt.

PS: Eg er inga tjukk kjette Helsing Lurivar.